Kyrkjeleg dåp og avtradisjonalisering

Borge kyrkje. Kjelde: Wikimedia Commons.

Borge kyrkje. Kjelde: Wikimedia Commons. Foto:

Av
DEL

Leserbrev”Stadig færre kirkemedlemmer døper ungene i kirken”, lyder overskrifta på eit oppslag i Lofotposten for 2. november. Som det blir peika på, er dette ein allmenn tendens som ikkje berre gjeld Lofoten. Dei religiøse endringane i Noreg (og andre vestlege land) peikar i retning av mindre oppslutnad om tradisjonell, kyrkjeleg religiøsitet, samstundes som det går føre seg ei aukande individualisering og pluralisering med omsyn til religion og livssyn. For perioden 1945-70 synte den kyrkjelege statistikken at tala for kyrkjeleg medlemskap og oppslutnad om dei kyrkjelege livsritene heldt seg stabile. Men etter 1970 har det skjedd klare endringar.

Dåpstal i nedgang

I 1970 var 95 prosent av den norske befolkninga medlemmmar i Den norske kyrkja – i 2018 er prosenttalet 70,6. Denne nedgangen skuldast i mindre grad utmelding enn at den norske folkesetnaden er i endring. Fallet i dåpstala har vore tydeleg, noko som hovudsak i den nemnde artikkelen. Det gjev perspektiv på utviklinga at i 1970 vart heile 98 prosent av alle levande fødde i Noreg døypte inn i Den norske kyrkja. I 1980 hadde dåpsprosenten minka med omlag 10 prosent til 87, 2. Frå 1980 til 1990 fall han med endå 5 prosent. I 2002 kom han under 80 prosent, i 2009 under 70 prosent og i 2014 under 60 prosent. I 2017 var dåpsprosenten på 53,6 prosent. I 2013 var dåpsprosenten for første gong var lågare enn delen av 15-åringer som valde kyrkjeleg konfirmasjon. I 2017 er konfirmasjonsprosenten 58 prosent.

Les saken her: Stadig færre døper ungene sine i Lofoten, nå vil kirken vite hvorfor


Som det òg går fram av artikkelen i denne avisa, har Lofoten høgre dåpstal enn landsgjennomsnittet. Dette er særleg tydeleg for Vestvågøy med 62 prosent, medan Vågan ligg nær gjennomsnittet for landet med 55 prosent.

Dei tala som er gjengjevne ovanfor, gjeld talet på døypte av alle levande fødde - utan omsyn til foreldra si kyrkjelege tilhøyring. Om ein ser på delen av døypte blant foreldre som er medlemmar av Den norske kyrkja, blir biletet eit anna. Då er dåpsprosenten 76 i 2017. Dette syner at det blant medlemmane i Den norske kyrkja framleis er mange som vel å bere borna sine til dåp.

Mindre oppslutnad om tradisjonell, kyrkjeleg religiøsitet

Samstundes er det klart nok at dåpstala i Den norske kyrkja går ned - og at det har vore ein tendens over tid. Det er naudsynt med meir forsking for å klargjere kva som er drivkreftene bak endringane. Det ligg nær å tolke endringane som uttrykk for sekularisering. Omgrepet blir gjerne nytta for å skildre utviklinga av religion i det moderne. Sekulariseringa medverkar til religiøs endring og endring av rammevilkåra for religion i samfunnet. Nedgangen i dåpstala fortel noko om mindre oppslutnad om tradisjonell, kyrkjeleg religiøsitet i befolkninga. Einskildindividet har fått større handlingsrom. Den einskilde ønskjer i større grad å gi religion ei individuell tolking. Dermed treng ikkje oppslutnad om tradisjonell religiøs praksis med naudsyn vere ein indikator på korleis dei står til med religiøsiteten i befolkninga. At færre vel å døype borna sine i kyrkja, kan vere uttrykk for at individualiseringa og privatiseringa av religionen er i ferd med å frikople han frå samfunnet. Det kollektive aspektet ved religion får mindre å seie. Dette fører til ei utvikling der tradisjonell, kyrkjelege religiøsitet synest å vere inne i ein forvitringsprosess.

Avtradisjonalisering

For mange av dagens foreldre er det dermed på ingen måte sjølvsagt å velje dåp i kyrkja. Sjølv om tradisjon truleg framleis er viktig, er det ikkje utan vidare tilstrekkeleg at familien og tidlegare generasjonar har døypt borna sine. Vi veit at besteforeldre kan spele ei avgjerande rolle for at ein vel å halde ved like tradisjonen med dåp. Likevel synest det å ha vorte viktigare kva andre i venekrinsen og i miljøet det ein ferdast gjer. Om ein kjenner få andre foreldre som har døypt eller skal døype borna sine i kyrkja, kan det fort bli utslagsgjevande.

Ei grunngjeving som ein kan møte for kvifor ein ikkje vel å døype, er at ein som foreldre vil la det vere opp til barnet å velje når det er gammalt nok. Som prost Kristine Sandmæl peikar på, er også dette eit val. Ein skal ikkje tru at det ikkje å velje dåp er meir ”nøytralt” enn det motsette. Ei slik haldning er uttrykk for ein type inkonsekvens. Foreldra engasjerer seg jo i alle andre sider ved barnas liv og oppvekst, til dømes skule, fritidsaktivitetar m.v. Det vil i høg grad kunne påverka borna sine val seinare. Kvifor tenkje annleis om dåp og det som gjeld tru og livssyn?

Hallgeir Elstad

Professor

Skriv ditt leserbrev her «

Si din mening om Lofoten, samfunnet og folket som bor her. Vi prioriterer lokale innlegg og lokale debattanter.

Artikkeltags