Protestantismen som føresetnad for velferdsstaten

Buksnes kyrkje, Vestvågøy

Buksnes kyrkje, Vestvågøy Foto:

Av
DEL

LeserbrevVelferdsstaten er kjenneteikna av at samfunnsmedlemmane skal ha rett til hjelp dersom dei skulle bli råka av helseproblem, sosial naud eller tap av inntekt, til dømes som følgje av arbeidsløyse eller alderdom. Til grunn for velferdsstaten ligg ei tenking om at alle menneske i eit samfunn skal ha rett til eit godt liv. Det er stor grad av likskap mellom velferdsstatane i dei nordiske landa.

Framveksten av velferdstatane blir gjerne knytt til sosialdemokratiet, men røtene går lenger attende. Forskarar har peika på den historiske relasjonen mellom den protestantiske (lutherske) tradisjonen og dei nordiske velferdsstatane. Dei nordiske landa har alle ei sterk statstradisjon, som det ligg nær å sjå i samanheng med kyrka si rolle. Etter innføringa av reformasjonen på 1500-talet vart det etablert lutherske statskyrker, som i stor grad fungerte som staten sitt verkty. I Norden var det ingen rivalisering mellom staten og kyrkja, dei var del av den same heilskapen. Den lutherske reformasjonen førte til ein integrasjon av stat og kyrkje. Presten var kongens mann og bodberar mellom staten og folket. Etter reformasjonen vart det tradisjonelle ansvaret for sjuke og fattige ført over frå den katolske kyrkja til kongen. Alle måtte yte til fattigvesenet, som vart administrert av soknepresten. Ein viktig føresetnad for å byggje ut velferdsstaten var lesekunne hos befolkninga. Konfirmasjonen og allmugeskulen, innført på 1700-talet, vart òg administrert av kyrkja og soknepresten. Det var ei oppgåve for presten å finne brukbare lærarar og lære opp dei. Presten fekk dessutan ei rolle i det etter kvart framveksande ”helsevesenet”. Sjukdommar og epidemiar vart ofte spreidd blant fattige menneske. Ei av soknepresten sine oppgåver var å rapportere om teikn til epidemiar. Ved overgangen til 1800-talet tok presten (og prestekona) del i vaksinasjon, førte liste over vaksinerte. Presten hadde òg tilsyn med jordmødre.

Full sysselsetnad og sosial tryggleik er to sentrale sider ved velferdsstaten. Desse fell saman med to sentrale idear i lutherdommen: det daglege arbeidet som eit kall frå Gud og “det allmenne prestedømmet”. Ideen om full sysselsetnad uttrykkjer ei sekularisering av ideen om arbeidet som kall. Det allmenne prestedømmet er tanken om at ein kvar kristen er sin eigen prest som kan møte sin Gud andlet til andlet. Denne tenkinga medverka til å fremje ein likskapskultur, der stor rikdom og store sosiale skilnader ikkje kunne godtakast, fordi alle menneske er grunnleggjande like og har same verdi. Vidare kravde utviklinga av velferdsstaten kravde ein sameint og godt integrert stat. I det protestantiske Norden var lojalitet og lydnad til staten ein del av å tene Gud. Ein slik kultur synest å ha fremja ein kultur prega av lov og orden som verka integrerande og stabiliserande på samfunnet

Det gjev god meining å spørje kva for innverknad den lange tradisjonen med lutherske statskyrkjer har hatt for utbygginga av den moderne nordiske velferdsstaten. Det har vorte hevda at “den nordiske modellen” representerer ein sekularisert lutherdom. Det er mogleg å argumentere for at lutherdommen har vore ein av faktorane som har medverka til å utvikle dei nordiske velferdsstatane.

Skriv ditt leserbrev her «

Si din mening om Lofoten, samfunnet og folket som bor her. Vi prioriterer lokale innlegg og lokale debattanter.

Artikkeltags