Lofotdialekten er nynorsk

Av
DEL

LeserbrevLofotdialekten er under press, og nynorsk er løysinga. Peter-André Pliassov har mange gode poeng i det optimistiske innlegget sitt i Lofotposten 26. juni. Dialektane i Lofoten er som mange andre stader i endring, og Peter-André har rett i at det er ei viss regionalisering som går føre seg. Sjølve språksystemet i dialektane held seg likevel svært stabilt, bøyingssystemet endrar seg lite mens lydsystemet og ordvalet endrar seg litt. Bokmålspresset på nordnorske dialektar er ikkje så sterkt, men det skaper ustøe dialektreglar når bokmålet blir sett på som "riktig".

Peter-André kjenner seg overtydd om at det beste vernet mot dialektane er å ta i bruk det nynorske skriftspråket. Ja, så sant, så sant. Nynorsken er ei overbygning over lofotdialekten eller –dialektane og dei andre norske dialektane. Heilt sia Ivar Aasen var i Lofoten ein 14 dags tid sommaren 1851 (sjå "Brev og dagbøker" bd 3, side 177) og fram til i dag, har dei nordnorske dialektane fått eit stadig større rom i nynorsken. Og i det store 12 bands ordboksverket "Norsk Ordbok - ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet" som blei avslutta i 2016, har særleg dei nordnorske dialektane fått eit stort rom.

Det har historisk sett ikkje vore noko hat mot nynorsken i Lofoten, tvert imot. Lofoten var tidleg ute med å ta i bruk nynorsk som hovudmål, alle skolane i dåverande Valberg herad tok nynorsk i bruk i 1919, og ein skole i Gimsøy følgde etter i 1920, og like etter kom ein til. Ved utløpet av 1930-talet var det heile 218 skolekrinsar i Nordland som hadde nynorsk til hovudmål, i Lofoten var det 19 skolekrinsar med nynorsk som hovudmål: alle skolane i Valberg (3) og Borge (12) og eit par skolar i Gimsøy (2) og Vågan (1). Desse nynorskkrinsane heldt seg til langt ut i 1950-åra og litt innpå 1960-talet, med eitt unnatak: Valberg skolekrins hadde nynorsk opplæringsmål heilt fram til 1983.

Det finst såleis framleis folk i Lofoten som har hatt nynorsk som hovudspråk, og viss du har besteforeldre frå Valberg eller Borge (no: Vestvågøy), bør du sjekke om ikkje dei også har hatt nynorsk som opplæringsspråk. Og viss du kjenner ein slik person, ja, då bør du oppfordre han eller ho til å ta i bruk nynorsken igjen.

Etter grunnskoleloven av 1969 skal alle lære seg nynorsk i grunnskolen – enten som hovudmål eller som sidemål. Og det har vore gjort mykje for å få til ei god nynorskopplæring i Lofoten. Kåre Elstad skreiv i 1975 ein forvitneleg artikkel "Litt om Lofotdialektene – i går, i dag og i morgon" (i hefte 4 av "Lofoten i går – i dag – i morgon") der han viser litt av samsvaret med nynorsk.

Det er slett ikkje vanskeleg å skrive nynorsk med lofotvri, tvert om, det er lett å skrive nynorsk ut ifrå lofotdialekten. Det er derfor svært merkeleg å sjå alle dei som bruker lofotdialekten i tale, musikk og skrift, men som i andre samanhengar brukar eit bokmål som ligg svært langt frå lofotdialekten. Men heldigvis lærer alle seg å bruke nynorsk i skolen, og det har vore gjort flotte nynorskprosjekt på fleire skolar i Lofoten dei siste åra.

Men som Peter-André skriv, det burde vere sjølvsagt å velje nynorsk som hovudmål i skolen i Lofoten. I grunnskolen krevst det berre 10 elevar for å få til ein nynorsk-klasse. Frå åttande klasse og i den vidaregåande skole kan kvart enkelt elev sjølv velje om han eller ho vil ha nynorsk som hovudmål. Så viss du vil, så er vegen til fullgod nynorskopplæring kort! Og dette kan du gjere i alle skolane og kommunane i Lofoten.

Skriv ditt leserbrev her «

Si din mening om Lofoten, samfunnet og folket som bor her. Vi prioriterer lokale innlegg og lokale debattanter.

Artikkeltags