Lofoten bør skifte over til Nynorsk - og helst snart

Av
DEL

LeserbrevI Nord-Noreg har nynorskhatet lenge vore sterkt, men dette er jo heilt absurd! Berre tenk på kor like dialektene her oppe er nynorsk. I Lofoten har vi jo alltid sagt «heim», «ikkje», «høg» og «finare», ikkje «hjem», «ikke», «høy» og «finere». Korfor fortset vi då med å skrive på ein måte som for mange av oss blir så unaturleg? Eg vil då foreslå at vi heller vel nynorsk som målforma vår.

Dei som har gått på skole med meg blir kanskje overraska over å sjå namnet mitt bak dette innlegget og det har dei god grunn til. Tidlegare har eg vore stor nynorskhatar. Eg likte ikkje å verken skrive eller lese nynorsk. Eg var til og med stolt då eg fekk ein 2-ar i nynorsk på vidaregåande. Det var ikkje før nokre år seinare at eg sakte, men sikkert begynte å skjønne at nynorsk passar mykje betre til måten eg pratar på, og at det er eit skriftspråk som er mykje meir naturleg for meg å skrive.

Etter å ha lært meg meir om nynorsk har eg begynt å innsjå det at Lofotdialekten, og faktisk alle norske dialektar, ligg under stort press frå bokmål. Tradisjonelle dialektar forsvinn eller blir utvatna og det som lenge har vore eit nydeleg dialektlandskap med språkleg mangfald blir sakte om til eit land der alle pratar bokmål med regional uttale. Bokmålsformer som «i hvert fall», «selveste» og «kordan» (av hvordan) har snike seg inn i talemålet til mange av oss, men eg trur at om vi møter på nynorsk oftare i kvardagen så vil denne endringa snu seg. Då vil folk sjå at ord som «gong» og «kjem» ikkje berre er dialektord, men gode norske ord som ein også kan skrive i formelle situasjonar. Og så er det jo fint å kunne skrive noko som liknar meir på sitt eige språk.

Så kor kjem dette nynorskhatet frå då? Sjølv har eg ikkje klart å komme på noko godt svar. Vi skjemmer oss jo ikkje over å snakke dialekt når vi reiser ut av Lofoten. Tvert i mot, er nok dei fleste av oss stolte over å halde på dialekten når vi møter på folk frå andre stadar i landet. Det at vi kan seie «fesk» med hovudet høgt heva viser jo at vi set pris på dialekten. Men om vi er så glade i dialekten vår, korfor tar vi ikkje betre vare på han?

Når skoleelevar blir tvungne til å skrive nynorsk tar dei fort til å bevise at nynorsk berre er tull og bortkasta tid. Då trekk dei gjerne fram eksempel der nynorsk skil seg kraftig frå dialekten. «Kven seier vel eigentleg 'kjærleik' og 'røynd'?» Men på sama tida er det jo ingen som argumenterer på sama måte mot bokmål. Det er jo heller ikkje mange av oss som seier «hvit», «selv» og «hun». Vi seier jo heller «kvit», «sjøl» og «ho», som blir omtrent det sama på nynorsk: «kvit», «sjølv» og «ho». Slik eg ser det så er Lofotdialekten ulik frå både nynorsk og bokmål, men om vi ser generelt på skriftspråka og måten vi snakkar til vanleg så er det ingen tvil om at nynorsk har mykje meir til felles med Lofotdialekten enn bokmål. Vi trur kanskje ikkje det er slik sidan vi har blitt så vente med kor annleis bokmål er at vi ikkje lenger legg merke til desse forskjellane, men dei er der.

Her er eit lite eksperiment du kan gjere. Les dei to setningane under, men på dialekt. Prøv å kjenne etter om den første eller andre er mest naturleg for deg å lese høgt:

Eg såg ho ikkje i går, men det eg skulle seie til ho var at ho måtte kjøpe ei ny kokebok.

Jeg så henne ikke i går, men det jeg skulle si til henne var at hun måtte kjøpe en ny kokebok.

Dette er berre eitt eksempel, men det finst mange fleire. Ta ein kva som helst slags tekst på bokmål og nynorsk og samanlikn han med din dialekt og du vil nok legge merke til at nynorsk nesten alltid er nærare den måten du pratar på.

Men ein kjem seg ikkje så langt med å klage utan å foreslå nokre handlingar. Det mest openberre forslaget er jo å styrke nynorsk som sidemål på skolen, men i mi meining er det kanskje ikkje ein så god idé å presse nynorsk på elevar som berre er kjente med bokmål og allereie har utvikla fordommar og negative haldningar til nynorsk før dei i det heile tatt får opplæring i målforma. Det er ikkje noko galt med sidemålsundervisning akkurat, men om elevane allereie mislikar nynorsk så er det ikkje mykje nytte i å prøve lære dei det. Eg ville nok heller foreslått å satse meir på å innføre nynorsk som hovudmål frå barnetrinnet. Då lærer barna seg å ha nynorsk som bruksspråk. Det blir ikkje berre eit skolespråk, men eit skriftspråk som barna kan bruke i alle samanhengar. Då sluttar barna å tenke at nynorsk er noko rart og unaturleg skriftspråk som høyrer heime på klasserommet. (For å få eit innblikk i korleis dette kan sjå ut kan eg nemne at det er verdt å ta ein titt på NRK-serien Lovleg, ein dramaserie som i konseptet liknar veldig på Skam, men satt på Sandane på vestlandet, der nynorsk er den målforma alle skriv.)

Værøy og Røst har valt bokmål som offisiell form, men i resten av Lofoten står ein heilt fritt til å nytta akkurat den målforma ein sjølv vil. Det vil seie at om du, som Flakstad-, Vestvågøy- eller Våganværing vil, så kan du begynne å skrive nynorsk med det sama. Du treng ikkje å vente på å få lov, for det har du allereie. Men dokker får no velje sjølve. Bare hugs det at om vi held fram med å skrive bokmål så vil Lofotdialekten sakte forsvinne og om 100 år vil nok alle i Lofoten seie jæmm (hjem), ikke og høyere. Eg har no i alle fall planar om å halde meg til nynorsk frå no av og dei av dokker som vil, kan godt gjere det sama.

Skriv ditt leserbrev her «

Si din mening om Lofoten, samfunnet og folket som bor her. Vi prioriterer lokale innlegg og lokale debattanter.

Artikkeltags