Ludvig Holberg (1684-1754) blir gjerne rekna som den mest sentrale historieskrivaren i Danmark-Noreg på 1700-talet. Ved sida hans står Gerhard Schøning (1722-1780) - fødd på Skottnes i Vestvågøy. Schøning får gjerne æra av å ha grunnlagt ei særnorsk historieforsking. Dette kom i første rekkje til uttrykk i hovudverket hans i tre band: Norges Riges Historie (1771-1781). Han ville, som tittelen seier, skrive Noregs historie, og verket fekk stor innverknad på oppfatninga av den eldste norske historia. 3. mai var det 300 år sidan Schøning vart fødd, og på Vestvågøy og andre stader har dette vorte markert på ulike måtar. Gerhard Schøning er i vår tid ikkje så godt kjend som han hadde fortent, ikkje minst ut frå sine fortenester som historikar. Han vart professor i historie i Danmark, og endte karrieren som geheimearkivar (riksarkivar) for den dansk-norske kongedømmet, den øvste stillinga ein historikar på den tida kunne ha.

Dei 17 første åra av livet levde Gerhard - eller Gert som han eigentleg heitte - i Lofoten, det meste av tida på Vestvågøy, men han oppheldt seg òg i to periodar i Vågan. Han fekk først undervisning heime, sidan i prestegarden i Buksnes og i Vågan. Det var særleg språk han konsentrerte seg om - latin, hebraisk og gresk. Frå 1739 var han elev ved katedralskolen i Trondheim (latinskolen), der Benjamin Dass, ein slektning av diktarpresten Petter Dass, var rektor. Benjamin Dass og Gerhard Schøning vart venar for livet. Schøning gjorde det godt og nådde snart ”mesterlektien”, som omfatta dei mest dugande elevane. I 1742 avslutta han skolegangen i Trondheim med eit framifrå "”Testimonio” (vitnemål). Då reiste han tilbake til Vestvågøy for ei kort tid, og då han drog til København for å studere ved universitetet om sommaren same året, var det siste gongen han såg heimplassen. Heilt frå Trondheim-tida hadde historie vore hovudinteressa hans, og dette var tilfelle også som student ved universitetet. Men han studerte også moderne språk og naturfag. Han orienterte seg i den historiske litteraturen og i historisk metode, mottok impulsar frå fransk opplysningstenking. I 1744 tok han teologisk embetseksamen, i 1748 magistergraden.

I 1751 vart Schøning utnemnt til rektor ved katedralskolen i Trondheim, der han sjølv hadde vore elev. Dermed vart han etterfølgjare til læraren sin, Benjamin Dass, som flytta til København. I innsetjingsførelesinga si tok Schøning til orde for å skrive ei samla Noregshistorie. Dette skulle bli livsprosjektet hans. I Trondheim utgjorde han saman med biskop Johan Ernst Gunnerus og historikaren Peter Fr. Suhm eit lærd miljø, og saman skipa desse tre venene eit vitskapsselskap, Det Trondhjemske Selskab, frå 1767 kalla Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab. Schøning tok aktivt del i selskapets arbeid, og skreiv i fleire av skriftene som selskapet etter kvart gav ut, mellom anna ei omsetjing av Pietro Querinis skildring av opphaldet sitt på Røst i 1434.

I 1762 gav Schøning ut Beskrivelse over den tilforn meget prægtige og vidtberømte Dom-Kirke i Trondhjem. Dette var den første detaljerte skildringa av katedralen, og boka fekk stor innverknad på forståinga av Nidarosdomen som nasjonalheilagdom. Også andre historiske arbeid frå Schønings hand i denne tida medverka til å styrke namnet hans som historikar. Det var derfor ikkje uventa at han vart utnemnd til professor i historie ved Sorø akademi i 1765. Gjennom å flytte i nærleiken av København, fekk han mellom anna lettare tilgang til viktig kjeldemateriale.

I tida som professor ved Sorø akademi skreiv Schøning fleire større historiske verk: Afhandling om de Norskes og endeel andre Nordiske Folkes Oprindelse (1769) og dei første to banda av Norges Riiges Historie (1771-73). Med det andre bandet var han komen til året 963, då Håkon den gode døydde. Tittelen på verket var programmatisk. Han ville hevde at det norske riket stod ved lag heilt fram til eineveldets heilstat. Planen hadde vore å framstille Noregs historie fram til nytida, men så langt kom han ikkje. Det han rakk å skrive om, Noregs eldste tid, vart viktig med omsyn til dei nasjonale fridomskrava som tok til å gjere seg gjeldande i Noreg på denne tida. Til dømes skulle Johan Nordal Bruns patriotiske drikkevise ”For Norge, Kjæmpers Fødeland”, uoffisielt nordmennene sin første nasjonalsong, direkte vere inspirert av Schønings historieverk. Ikkje minst medverka det til å vekkje ein norsk patriotisme, som vaks seg sterk mot slutten av 1700-talet. Schøning lanserte også teorien om at Noreg vart folkesett frå nord og aust. Denne innvandringsteorien vart teken opp att av historikaren Rudolf Keyser med ny grunngjeving på 1800-talet.

I 1773-75 gjorde Schøning med kongeleg støtte ei reise til Noreg for å samle inn materiale til det vidare arbeidet med Noregshistoria. Han ville få større kjennskap til eldre levemåte og tradisjonar. Innsamlingsarbeidet gav opphav til ei omfattande samling av tekstar og teikningar, som gav ettertida eit viktig kjeldemateriale. I 1778 gav han ut skildringa av reisene han gjorde det første året, i 1773. Resten av materialet vart publisert først tidleg på 1900-talet.

Sommaren 1775, medan Schøning dreiv med innsamlinga i Noreg, vart han kalla til å ta over embetet som geheimearkivar, og vart med det den fremste historikaren i riket, slik eg har vore inne på. Han fekk ansvaret for arkivet til det dansk-norske heilstaten. Han var dessuten ansvarlegt fot utgjevinga av Snorres Heimskringla, ei oppgåve han hadde dei beste føresetnader for på grunn av den store kjennskapen sin til norrønt språk. Han fekk utgjeven to band og det tredje bandet var nesten ferdig då han døydde. Samstundes arbeidde han vidare med Norges Riges Historie, og fekk ferdig det tredje bandet, som førte historia fram til Olav Tryggvason (996), og vart publisert posthumt i 1781.

Det er grunn til å understreke Schønings rolle som norsk historikar. I det dansk-norske kongedømmet, som var dominert av Danmark, var det viktig å fremje den danske nasjonen si historie. Her kom Noregshistoria i skvis. Den danske historia vart framheva på den norske historia sin kostnad. Gerhard Schøning ville bøte på dette gjennom å skrive ei eiga Noregshistorie. Han arbeidde kritisk med kjeldene, men hadde samstundes stor tillit til at sagaene var historisk pålitelege, og baserte seg på den bibelske kronologien. Schøning var oppteken av menneskelivet, av kultur og tradisjonar. Han ville skrive historia "nedanfrå" og ikkje berre skildre kongar og mektige menns historie. Denne tilnærminga er eit moderne trekk ved historieskrivinga hans. Det same gjeld vekta han la på norsk historie. Her var han ein pionér.

Gerhard Schøning døydde 18. juli 1780, 58 år gammal, og vart gravlagt i København.