Den norrøne julefesten fann stad i perioden desember til januar, knytt til det såkalla midtvinterblotet, der ein feira med mat og drikke (øl). Det var hovdingen som heldt gildet, og signa drikken og maten. Blotgildet har truleg funne stad i hovdingens gildehall, festsalen på hovdingens gard, slik ein kan sjå det på vikingsenteret på Borg. Ein drakk skål for godt år og fred, og dermed kunne det bli omtala som å ”drikke jul” (gammelnorsk: jol). Juleblotet eller midtvintersblotet var nært knytt til at sola snudde og at det gjekk mot lysare tider. Dette var òg ei viktig side ved den kristne julefeiringa.
Då kristendommen vann fotfeste i Noreg på 1000-talet, var feiringa av Jesu fødselsdag for lengst fastsett til 25. desember. Det hadde skjedd på 300-talet, og julefesten var den siste av dei kristne høgtidene som vart tidfesta. Ein visste ikkje når på året Jesus var fødd. Valet av 25. desember kan ha vore gjort for å kristeleggjere ein heidensk solfest. I nordisk samanheng fall den kristne julefeiringa i tid saman med midtvinterblotet. Dei kristne misjonærane la vekt på å tilpasse seg heidenske skikkar. Ølet vart no signa julenatt ”til takk frå Krist og Sankta Maria, til godt år og fred.” Dette syner korleis den heidenske midtvinterfesten kunne bli ført vidare som ei kristen julefeiring.

Førebuingstid før jul

Julehøgtida var eit kjærkome avbrekk i ein hard arbeidskvardag. Men før ein kom så langt, hadde jula si førebuingstid, adventa. Det var mykje som skulle gjerast i stand før julefeiringa kunne ta til. Mat og drikke måtte gjerast i stand, julelys måtte støypast, og i klesvegen skulle alle ha noko nytt på seg til jul. For folk flest var det ikkje så vanleg med julegåver, så ein slapp det stresset. Men eitt etter anna nytt i klesvegen skulle den einskilde likevel ha. Og det skulle ryddast og vaskast inne, også ute måtte det vere ryddig når kyrkjeklokkene ringde jula inn. Det skulle ikkje stå igjen halvgjort arbeid. Så lang råd skulle alt arbeid gjerast ferdig før jul. Det vart travlare og travlare etter kvart som jula nærma seg.
Det var viktig å ha sikra juleveden før jula ringde inn. Ein skulle ha eit så stort lager at ein heldt det godt og varmt i huset utan å bryte julefreden. Frå Lofoten heiter det at dersom ein ikkje hadde vorte ferdig med juleveden i tide, kom dauingane om natta og saga og hogg.
Når alle juleførebingane var over, var det tid for julebadet. Det føregjekk i ein stor badestamp, der alle bada i tur og orden. Så skulle ein kle seg i reine klede. Mange stadar venta ein til julaftan, slik at ein kunne gå nybada til julebordet.

Lucia-dagen

Den eigentlege juletida byrja kring lussi, dvs. 13. desember (Lucia-dagen). Etter gammal tradisjon var lussinatta rekna for å vere den lengste i året. Sankta Lucia var ein helgen. Ho var ei ung kristen jente som skulle ha døydd som martyr på Sicilia under den store kristenforfølginga kring år 300. Lucia (namnet tyder eigentleg ”lysande”) står for det gode og det lyse, ei som gjer godt mot andre. I den gamle folketrua var det vanleg at den eldste dottera i huset gjekk ”lusseferd” for å jage bort dei vonde maktene som måtte herje på garden, og verne folk i det nye året. Det var òg skikk at lusseferda gjekk innom fjøset og stallen.
Luciadagen har òg fungert som eit orakel. I Valberg sa giftelystne jenter denne versestrofa før dei la seg kvelden før luciadagen: ”Lusseg, Lusseg, den fromme / lat det føre meg kome / kem si kona eg skal bli / kem si seng eg skal reie / kem sin duk eg skal breie!” Om natta drøymde jenta så den ho skulle få.

Juleskåka

Ein skikk som ser ut til å ha vore særeigen for Nord-Noreg, kjent òg frå Lofoten, er juleskåka. I våre dagar er det nok ikkje så mange som har høyrd om skikken. Det var helst dei unge som veslejulaftan eller julaftan tidleg om morgonen lura seg inn til dei som ennå sov og risa sjusovaren med eit bjørkeris (skåka) på teppet til han eller ho vakna. Det var rekna som ei skam å sove så lenge at ein fekk skåka. En skulle tidleg opp for å gjere dei siste førebuingane.
Somme stadar har det òg vore tradisjon at ein av dei unge, gjerne ein av gutane, måtte opp juledagsmorgon og koke kaffi og servere til alle i huset.

God mat og drikke

God mat og drikke var viktig til jul. ”Det er jul berre ein gong i året”, sa folk. ”Det som er kjøpt til jul, skal gå til jul”. I jula skulle ein ikkje spare på noko. Med det spartanske kosthaldet ein måtte klare seg med elles i året, var julematen noko ein såg fram til. I Lofoten var det gjerne vanleg med lefse, gomme eller kjøttrull til julefrukosten. Lutefisk eller kjøtmølje vart gjerne servert til middag på julaftan. Om kvelden julaftan var det julegraut, dvs. risengrynsgraut, aller helst med eit lag med rømmegraut på toppen.
Juledagen, som var høgtidsdagen, var det gjerne steik til middag, andredagen ofte fisk, gjerne kveite. Det var mannen i huset som hadde ansvar for å skaffe julekveita, men klarte han det ikkje, måtte han sitje på nausttaket natt til juleaftan. Det var sterk konkurranse mellom mannfolka for å unngå det. Spekemat var elles vanleg på mange bord, og sirupskake og julebrød. Det var skikk at julematen skulle stå på bordet julenatta. Julekvelden skulle det vere lys i alle rom.

Dyra skulle ha det godt

Det var ikkje berre menneska som skulle ha det godt i jula. Dyra måtte òg stellast godt med. Før ein var ferdig med fjøsstellet på julekvelden, fekk dyra gjerne ekstra og godt høy. Det var heller ikkje uvanleg å ønskje kvart dyr god jul. Dei pynta òg opp i fjøset, og det skulle alltid brenne lys i fjøset julekvelden. Lyset heldt alle vonde makter borte frå dyra. Også småfuglane måtte få nok å ete i jula. Derfor hengde ein opp juleband. Ei oppteikning frå Gravdal seier at ein med å hengje opp kornband sikra eit godt kornår.

Nissen

Julenissen høyrde heime i jula, då som no. Det er rimeleg at sjølve namnet nisse kjem frå Nikolaus, som var ein kristen helgen. Men nissefiguren har røter endå lenger attende. Nissen var eit gardsvette, som det var viktig for folket på garden å halde seg inne med. Julenissen var alltid velkomen. Derfor skulle det stå mat på bordet julenatta. Der det ikkje var mat, kom ikkje nissen inn. Der nissen ikkje hadde vore, vart det ikkje skikkeleg jul.

Juletreet

For mange er nok juletreet det fremste symbolet på julehøgtida. Opphavleg er dette ein tysk skikk som kom til Noreg på 1800-talet, først i byane. Mot slutten av hundreåret byrja skikken å spreie seg til landsbygda. I Nord-Noreg tok det lengre tid før juletreet kom i allmenn bruk. Læstadianismen, som stod sterkt her, rekna skikken som syndig, særleg å gå rundt treet og syngje. Det var avgudsdyrking. I Lofoten var det dessutan mangel på bartre. Men det ein då gjorde, var slik eg hugsar frå mi barndoms jul i Borge: Far skar kvistar av einebær som han poda inn i ein trestokk som han hadde bora hol i.

Til kyrkje i jula

Juledag var kyrkjedag. Då var det skikk at alle, så sant mogleg, skulle til kyrkje. Ein måtte gjerne stå opp tidleg for å rekkje julegudstenesta. Nokre stadar måtte ein i båt for å kome seg til kyrkja. Om det av ulike grunnar ikkje var mogleg å kome seg til kyrkje, heldt ein kor heime, som ein sa, dvs. at husfaren las frå ei postille og så song huslyden julesalmar, mange av dei same salmane som ein syng den dag i dag.
På juledagen skulle alle vere kvar hos seg. Då måtte ingen gå til grannane. Men i romjula var det fritt fram for å vitje kvarandre. Folk flest hadde ikkje råd til store juleselskap slik som overklassen, men ein vitja kvarandre og fekk smake av julematen. Ingen måtte kome på vitjing utan å få noko å ete, for då ”bar dei jula ut” når det gjekk. Romjula var òg tid for ulike julesprell, dei ”gjekk julbukk” og kledde seg ut. Ein måtte ta vel i mot julbukkane og be dei til bords.
Med tida vart det vanleg med juletrefestar, i romjula eller rett etter nyåret. Til dømes skriv ein informant frå Borge, fødd i 1905, at dei “var samlet alle barna på gården til juletræfest hvert år, til en av nabogården som hadde det største huset. Der gjekk vi så om juletræet og sang julesanger, der kunde vi så leke juleleker alle barna på gården, og etter på fikk vi servert chokolade og kaker, det hadde de litt med fra hver husstand. Denne juletræfesten gledet vi oss til, til hvert år.”
I julehelga måtte ein ikkje arbeide, anna enn det som var strengt naudsynt.

Nyår

Fleire stader heiter det at nyårskvelden var mest like stor høgtidskveld som julaftan. Nyårsdagen gjekk ein gjerne til kyrkje. Elles er det fleire oppteikningar frå Nord-Noreg som seier at ein trudde åndene heldt gudsteneste i kyrkja nyårsnatta. Det var lys i kyrkja den natta, og om nokon skulle døy det året, høyrde dei kyrkjeklokka.

Varsel og merke

Jule- og nyårstida var ei rik tid for ulike varsel og teikn, som kunne spå liv og lagnad, årsvekst og fangslukke inn i det nye året. I Lofoten var ein naturleg nok oppteken av fisket. Julekvelden fylte dei eit fat med sjøvatn. For å vite kva for eit fiskevær som dei helst burde reise til under lofotfisket, skreiv det namna på dei viktigaste fiskeværa rundt kanten av fatet eller på bordet, ofte forkorta med forbokstavane. B: Ballstad, S: Stamsund, H: Henningsvær, K: Kabelvåg osb. Det fiskeværnamnet som hadde samla flest blærer i løpet av natta, ville få best fiske.
Det var knytt ulike vermerke til dei ulike dagane i jula. Til dømes spådde stormver julenatta uår og krig. Var det derimot stjerneklår himmel julenatta, ville det blir eit godt moltebærår, og snødde det ved midnatt, ville det òg blir eit godt år.

Jula varte til tjuandedagen

Jula varte i alle fall til trettandedagen (6. januar). Denne dagen var rekna som ein halvt heilagdag. Men helst markerte tjuande dag jul (13. januar) at jula var over. Då kom han ”Knut og jaga jula ut”. Julematen skulle minst vare til denne dagen. Men ”kjerringjula” som ein sa, varte heilt til kyndelsmess (2. februar). Denne dagen var det skikk at kvinnfolka kom saman, og då vart det siste av julematen eten. Mannfolka var då i gang med lofotfisket. Kvardagsslitet hadde byrja att.